Jentene i Jonshegge

I ein gamal bygning på Valdres Folkemuseum sit to trivelege damer og syr. Grethe Rudi Bråten og Gunhild Nørsterud er kjende for dei fleste – og over det ganske land. I over 20 år har dei sydd tradisjonsrike festklede for herrar og damar.

Tekst: Grethe Rudi Bråten og Gunhild Nørsterud.

Valdres Folkedraktsaum vart etablert i 1989, og har sidan den gong halde til i den over 200 år gamle Jonsheggebygningen på Valdres Folkemuseum. Bunadprodusentane er soleis ein viktig del av kulturklynga på museet. Sjølv seier dei at Jonsheggebygningen har den rette stemninga for bunadsying. Ikkje så rart, kanskje, det er gamle tradisjonar dei held seg til. Grethe i fyrste etasje syr klede for kvinner. Gunhild i andre etasje syr klede for karane.
Valdres-Folkedraktsaum-Skilt

I Valdres har me mykje gamalt draktmateriale å ta utgangspunkt i. Dette har lagt grunnlaget for rekonstruksjonar av mange av dei bunadane me brukar i Valdres i dag. Karane kan til dømes velje mellom fire forskjellige bunadar, alle rekonstruksjonar av drakter frå 17- og 1800-talet. Det same gjeld kvinnene, som óg kan velje mellom fire ulike drakter, alle frå same periode. Og så er det sjølvsagt mange som vel dei to broderte bunadane, utvikla tidleg på 1900-talet.

Kva er ein bunad, eigentleg?

I dag er bunadbruken meir populær enn nokon gong: Ein reknar med at det er rundt 450 drakter og plagg som i dag går under namnet bunad. Kva er eigentleg ein bunad? Litt forenkla kan me forklare det slik:

  • Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling: Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etter kvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.
  • Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått ut av bruk, men som ikkje var gløymd: Til tross for at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange korleis den hadde vore i store drag. Til dels laga ein nye plagg etter dette og til dels brukte ein gamle plagg.
  • Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype: Desse bunadene er rekonstruert frå ei folkedrakt etter at denne var gått ut av brukt. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, til dømes skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.
  • Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammalt draktmateriale: Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.
  • Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte: Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.