Bringedukdrakt
Drakttradisjon i empire-snitt frå fyrst på 1800-talet, rekonstruert av Magny Karlberg, på grunnlag av gamle drakter og drakt deler frå Vang, Øystre og Vestre Slidre.
Liv
Livet kan vera raudt, blått, grønt, gult eller stripa i silke, ull eller ull/lin. Fløyel eller silke kantingar. I tillegg kan det vera metall lisse eller band.
Stakk
Stakken er av 2-skafta ulltøy, svart eller mørkeblå med linskodning og slitenor nede.
Bringeduk
Bringeduken har om lag 40 variantar, til dømes ullbroderi i tellesaum på ubleika lin eller 2-skafta raudt ulltøy, fløyel med band, perler og band, perler/applikasjon o.s.v.
Forkle
Forkleet kan vere blått, brunt eller svart handvovi ulltøy med striper opp ned, eller trykt bomull med blomster på lys botn i mange variantar.
Belte
Beltet kan vere perlebandel på raud ullbotn, ullbroderi i tellesaum på ubleika lin eller 2-skafta raudt ulltøy, eller stølabelte i messing på raud ullbotn.
Skjorte
Skjorte i lin, ubleika eller kvit med linningar i tellesaum.
Sko
Sko – Me anbefalar Klaveness bunadsko.
Gift og ugift har ulik hovudbunad, rull med rullehette til gift og jenteoppbinding til ugift. I tillegg brukar båe stort silketørkle på hovudet og eit mindre i halsen. Ein kan bruke raud foldetrøye med grøne kantingar, bringesylv og belte til drakta. Det er óg rekonstruert ei bruredrakt med brurerull, herasylv og stølabelte i sylv. Drakta har raud stakk.
(Klikk for større bilder)