Bunad - Plankebyen - Fotostudio1Drakttradisjon frå midten av 1800 talet. Drakta har trekk frå nyrokkokko epoken, som til dømes med smal rygg, mykje utringa og tittekant i livet. Tøyet er ruta i fleire farger, vovi i heil ull, og finst i om lag 18 variantar. Snittet kan variere frå bygd til bygd. Gamle foto viser livkjole med svart trøye til. Trøya har perlebelte eller stølabelte og silketørkle i kryss over bringa festa i beltet.

Forkle

Forkleet kan vera i ull/bomull, ull/silke eller andre variantar.

Skjorte

Skjorte i bomull utan broderi.

Hovudplagg

Silkelue, brodert fløyelslue og limpeplagg høyrer til.
Bunad - Plankebyen - Fotostudio2

Sko

Me sel Klaveness bunadsko.

Ruta kjolar

Ruta kjolar vart og brukt, truleg noko seinare.

Rutatøy

  • Vang kommune har 2 rutatøy
  • Vestre Slidre har 6 rutatøy
  • Øystre Slidre kommune har 4 rutatøy
  • Nord-Aurdal kommune har 4 forskjellige rutatøy
  • Sør-Aurdal kommune har bare ett rutatøy
  • Etnedal kommune har også bare ett rutatøy

Totalt utgjer dette 18 ulike typar rutatøy.

Alle rutatøya er ikkje tilgjengelege heile tida.

(Klikk for større bilder)